Parkering
Det er gratis for besøkande å parkere i Os Sentrum på merka plassar. I Os Sentrum finn du 30 minutts, 2-, 3- og 8-timars parkering. Sjå kartet med oversikt over dei ulike parkeringssonene.
Her parkerer du i Os sentrum
Tidsavgrensinga er markert med eit parkeringsskivesymbol på underskilt til parkeringsskiltet.
Se tidssoner på kartet.
Parkeringsplassen framfor Rådhuset er stengt med bom mellom midnatt og klokka 09.00 på morgonen. Bommane opnar seg automatisk når du kjem fram til dei.
Ladestasjon for elbil
Det er seks ladestasjoner med til saman 12 uttak i Os sentrum. Ladestasjonane kan nyttast av alle innanfor gjeldande parkeringsreglar.
Dei offentlege ladestasjonane, finn du parkeringsplassen utanfor Rådhuset, og ved Kyrkjelydshuset Tunet. Dette er ulike Type 2 – 32A – 7 KW lading.
Nærmaste hurtigladestasjon er ved Kiwi Gudriflaten
Adresse: Gudridflaten 5, 5200 Os
Antall ladepunkt: 8
Fordeling:
3 CHAdeMO (Hurtig DC). 3 Combo (Hurtig DC). 2 Type 2 (Semihurtig AC).