Osøyro Kolonial
Her er alt lov. Ja til stor matglede!
Osøyro Kolonial er eit cateringfirma som leverer ”mat med identitet”. Vi jaktar etter å finne dei gode råvarene. Elskar dei gode smakane og set presentasjon høgt.
Vi lagar alt av mat. Det går mykje i tapas, snittar og gryter. Men vi lager mykje anna også. Vi elskar ei utfordring, så her er det berre å koma med ønskjer, så finn vi gode løysingar saman.
Osøyro Kolonial består av to matglade jenter, Ingrid og Silja. Felles for oss er entusiasmen for dei gode råvarene, gleda av å glede andre med god mat og det å få lov å være kreativ på kjøkkenet. Her er alt lov. Ja til stor matglede.
Opningstider:
Mandag til fredag: 9 – 17
Lørdag: 9 – 16