Os og Fusaposten
Os og Fusaposten formidlar lokale nyhende både på nett, papir og TV.
Os og Fusaposten, lokalavisa for Os og Fusa, kjem ut to gonger i veka (tysdag og fredag). Me formidlar lokale nyhende både på nett, papir og TV.
Vår rolle er å lyfta fram alt det positive som skjer i nærmiljøa. Som lokalavis har me i tillegg ei plikt til å avdekkja kritikkverdige tilhøve, med mål om å bidra til ei forbetring. Eit overordna mål i dette arbeidet er å vera konstuktive og løysingsorienterte. Me skal ha låg dørterskel for både innspel, tips, ris og ros.
I framtida skal avisa befesta posisjonen som den leiande nyhendeformidlaren i våre to kommunar. Avisa skal dyrka dei beste eigenskapane ved papirutgåva, og halda fram utviklinga både på nett og lokal-TV.
Opningstider:
Mandag til fredag: 08.30 – 16